Informasjon til tolkar
No kan tolkar sende inn krav som er knytt til fritt rettsråd elektronisk.
Bli brukar
Innlogging i skjemaløysinga skjer via ID-porten. ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID.
For å bli brukar må du ha Buypass smartkort, MinID, BankID eller Commfides. Registreringa av deg som ny brukar skjer ved at du trykker på "Logg på skjema". Etter at du har logga inn via ID-porten vil du bli bedt å lage "din profil".
Du kan sende inn krav som personleg tolk, eller du kan sende inn krav på vegner av eit firma med organisasjonsnummer. Under "Min profil" blir du bedt om å velje kva type tolkeverksemd du representerer. Er du tilknytt eit firma, må du velje firma og fylle ut informasjon om firmaet.
Korleis velje advokat i løysinga?
For å kunne sende inn tolkekrav, må oppdraget knytast til ein advokat. Er du tilknytt ein advokat som er brukar i rettsrad.no, kan du sende kravet for godkjenning til advokaten i løysinga. Viss ikkje advokaten er brukar på rettsrad.no, blir kravet sendt direkte til Statsforvaltaren for godkjenning.
Dersom tolkane allereie har fått naudsynt attestasjon frå advokaten ved registrering av kravet, kan kravet sendast elektronisk direkte til det embetet fritt rettsråd-saka høyrer heime.
Laste opp vedlegg
Då er det viktig at nødvendig dokumentasjon er lasta opp som vedlegg. Alternativt kan tolkane sende kravet elektronisk til den advokaten som har bestilt oppdraget, som deretter kan attestere (godkjenne) elektronisk direkte i skjemaløysinga. Etter attestering blir kravet sendt elektronisk til rett embete for behandling/utbetaling.
Oversikt
Som tolk vil du ha ei "Oversikt over mine krav". Her finn du saker du har under utfylling, sendt til godkjenning eller fått utbetalt.
Grunnlaget for at tolkar har rett til å få dekt sine utgifter, er rettshjelplova §14 andre ledd, jf. salærforskrifta §5 fjerde ledd. Hovudregelen er at advokaten er ansvarleg for godtgjering til tolk i ei rettshjelpssak, men dersom tolken sjølv sender inn salæroppgåve må kravet knytast til ei sak (klient) og attesterast/godkjennast av advokaten.
Det er alltid advokaten som må bestille tolk i ei rettshjelpssak, og det betyr at tolkar aldri kan sende inn salærkrav utan å ha fått oppdrag.
Ein tolk kan være privatperson (med gyldig personnummer eller DUF-nummer) eller firma med organisasjonsnummer. Det er advokaten som er ansvarleg for kvaliteten på tolketenesta.
Sakshandsamar hjå Statsforvaltaren kan godkjenne, avslå eller endre kravet ved til dømes delvis innvilga krav. Sakshandsamar kan også returnere krav til advokaten eller tolken dersom det til dømes manglar dokumentasjon.
Elektronisk innsending av tolkekrav vil føre til raskare sakshandsaming og raskare utbetaling av kravet.
Her finn du oversikt over ulike statusomgrep som er nytta i løysinga på tolkekrav:
Omgrep | Forklaring |
UnderUtfylling | Krav du har starta utfylling av og kan fortsette utfylling seinare |
LevertAdvokat | Krav som er sendt til advokat, og avventar godkjenning av advokaten |
AvvistAdvokat | Krav som er avvist av advokaten |
GodkjentAdvokat | Krav som er godkjendt av advokat, og er sendt til Statsforvaltaren for sakshandsaming/utbetaling |
LevertFM | Krav som er sendt direkte til Statsforvaltaren for sakshandsaming/utbetaling |
Utbetalt | Krav som er utbetalt av Statsforvaltaren |
Avslått | Krav som er avslått av Statsforvaltaren |
Sletta | Krav som er sletta |
RetunertAdvokatTolk | Krav som er sendt tilbake frå advokat til tolk for redigering |
ReturnertFmAdvokat | Krav som er retunert frå Statsforvaltaren til advokat for redigering av krav |
ReturnertFmTolk | Krav som er retunert frå Statsforvaltaren til tolk for redigering av krav |