Ny sakshandsamar?
Her finn du informasjon om korleis du går fram for å registrere deg som sakshandsamar i systemet.
Som ny sakshandsamar må du sende ein e-post til rettshjelp@statsforvalteren.no der du ber om tilgang til løysinga. Vi må og ha brukarnamnet ditt i UNIT4, slik at vi kan knyte dette til brukaren din. Du må ta kontakt med økonomi i ditt embete for å få brukarnavnet ditt i UNIT4.
Vi vil informere deg så snart godkjenningsprosessen er gjennomført.
Etter at du er godkjent som sakshandsamar trykkjer du på "Logg på skjema". Du blir bedt om å stadfeste brukarkontoen din. Dette gjer du ved hjelp av MinID, BankID eller Buypass. Du treng ikkje å gjere dette meir enn ein gong.
Etter stadfestinga kjem du vidare til eit skjema som må fyllast ut og sendast inn. Hugs å oppgje organisasjonsnummeret til ditt embete og hent info frå Enhetsregisteret. Kontonummeret bør vere fiktivt. Oppgje 11 tilfeldige tal. Du skal kome rett inn i systemet etter at du har sendt inn skjemaet. Dersom det ikkje er tilfellet må du lukke alle vindauge og faner i nettlesaren din før du prøver på nytt.
Etter første innlogging bør du sjekke at opplysingane i "Vis min profil" er korrekte. Du finn sakene dine ved å trykkje på "Sakshandsamar" øvst på sida.
Registrerte sakshandsamarar skal kome rett inn i systemet ved å trykkje på "Logg på skjema". Du treng verken brukarnamn, passord eller Buypasskort.