Endringar på rettshjelpsområdet
Justis- og beredskapsdepartementet har vedteke å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp frå 1.januar 2022.
Inntektsgrensa for einslege vert heva til kr. 320 000, og grensa for ektefeller og sambuarar vert heva til kr. 490 000. Dei nye inntektsgrensene skal gjelde i saker der søknad om fri rettshjelp kjem inn etter at forskrifta tek til å gjelde frå 1.januar 2022. Frå same tidspunkt er det vedteke at den offentlege salærsatsen vert auka frå kr. 1085 til kr. 1121.
Den elektroniske skjemaløysinga vert oppdatert med dei nye inntektsgrensene og ny salærsats måndag 3.januar 2022.