Treng du fri rettshjelp?
Dette er ein nettstad for advokatar, advokatfullmektigar, rettshjelparar og sakshandsamarar hjå Statsforvaltaren.
Privatpersonar kan finne meir informasjon om fri rettshjelp på denne sida.
Nyhende
10.09.2024
Endringar i rettshjelplova og stykkprisforskrifta frå 1. september 2024
Frå 1. september 2024 er det vedteke endringar i rettshjelplova § 11 første ledd nr. 9 og stykkprisforskrifta § 5 andre ledd nr. 13. Endringa inneber at ungdom som vurderer å klage eller som klagar etter konfliktrådslova § 22e har krav på fritt rettsråd utan økonomisk behovsprøving. Bistanden dekkjast med ein stykkpris på 3 timar.